lørdag 1. oktober 2011

Vonbrest

Slær gjennom veggar, kjenner kuldas sug, men har ikkje rå
å halda tett
vil neppe finna, om eg i heldigheit skulle nå…
Nei høyr på meg! Aldri om eg friviljug
gjev sjølvet mitt rett!

Veggane brester i pussen, mønstra tapet spjerrast, eit for eit
slegga svingast, gnistrar som steinmøtt spett

hol på hol knakar, berande ved berer skjebne
no skal det skje, eg kjenner det

skjebne, for noko ræl
rotnande, fæl
eg er trøtt, når aldri, har ikkje trengande tæl!

Så ser eg det, hjarte, livskista
ho står skinande, open, hjarte ligg glødande raudt
som eit kjærleikens monument
eg slær ein gong te, altet mitt rasar
med skrekkslagent rallande raut
fell daud om, som ein vasstrokken sekk sement

det var stiv pris
for eit urlite augeblenk
men, for eit opphakka hus gjort til flis
var nok kjærleikens glitrande lukke, beint
likevel for seint



                     ©Laila Bonsaksen




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Koselig om dere vil legge igjen et lite spor etter dere, setter stor pris på det:)